Planter / Plantefamilier

Plantefamilier

Plantefamilier Sambucus ssp. Hyll / Elder

Helsebringande bær og blomster

Svarthyllen kom til Noreg som kulturplante i middelalderen. Busken/treet kan bli opptil 7 m høyt. I juni-juli blomstrar skjermane av små, kvite blomar med søt, krydra lukt.

Dyrking:
Svarthyll trivast best i frodig, litt fuktig jord, men mislikar heller ikkje kalkholdig sandjord. Den tåler skygge, frost, salt og ein del vind. Hyllen veks raskt, men toler beskjering godt.
Velg riktig sort svarthyll - sjølvsådde planter er oftast ikkje hardføre.
Busken er fin som lebeplantning.

Bruk:
Bær og saft er søt, mildt bitter. Søt og krydra lukt. Bæra er rike på vitamin A og C.
Modne bær: kok eller tørk, da forsvinn giftstoffa frå steinane. Saft eller sirup har ifølgje forskning truleg effekt mot influensa, og kan verke styrkande på immunforsvaret.
Blomster: Klypp av klaser og tørk raskt ved max 35 grader før du smakar på dei. Hylleblomstsaft er fantastisk frisk. Prøv også å dyppe blomane i ei tynn røre, frityrsteik og dryss med sukker.
Viktig: Ikkje spis svarthyll rå! Grøne plantedelar, bark, rot og steinar inneheld giftstoff som kan gi oppkast og allergiske reaksjonar. Spis blomane tørka/ varmebehandla og i moderate mengder. Kok eller tørk også bæra.
Permakulturplanter.no | Rimstadbrekka 12, 6630 Tingvoll - Norge | mail@permakulturplanter.no