!Kommer tidligst for salg igjen i august 2017!
Prydtre med spiselege nøtter
Sibirfurua finn du som prydtre i parkar og store hagar. Men visste du at kongla er full av spiselege nøtter? Nøttene liknar pinjekjerner på farge og storleik, og er av svært høg kvalitet og næringsverdi. Treet blir rundt 20 m høgt, har lange, mjuke nåler som sit fem saman på kvar stilk, og grålilla til mørkebrune kongler som kan bli opptil 8*13 cm store. Etter to års modning fell kongla ned på bakken, utan å opne seg fullstendig. Dei opnar seg i varme, eller ved hjelp av ei nøtteknekker-maskin. Eit fullvokst tre kan gi 10 kg furunøtter i året, og tørre furunøtter er holdbare i fleire år.
Dyrking
Veks vilt i fjellområda i Russland, derifrå har sibirnøttekråka har spreidd treet til dei svenske skogar og til indre Trøndelag.
Tåler -60 minusgrader og sterk vind. Trivs best i full sol, men også i halvskygge. Sibirsk sembrafuru trivst på same jord som norsk furu: tørr, skrinn mark i innlandet, Trøndelag og nordover til Finnmark. Gi treet godt med plass og sol for størst nøtteproduksjon. Gir nøtter etter 8-10 år. Er sjølvbestøvande, men gir større avling ved krysspollinering.
Bruk
Nøttene er gode rå, som snacks eller som proteinkjelde i salatar osv. Dei kan blendast til mjøl og brukast i kaker, brød, o.l., på same måte som spisekastanje. Dei inneheld mange ulike vitamin. Det høge feittinnhaldet gjer det egna til å lage nøttesmør (pålegg) eller matolje av svært høg kvalitet. Restproduktet kan gjerne gå til dyrefôr. I Sibir brukar ein dessutan sibirfurunøtter i vodka-tonic.
Nålene er aromatiske (f.eks. i te) og veden er rik på kvae.